Trikseshow og foredrag med Tobias Becs

Måndag 16. mars kjem Tobias Becs til Storfjord kulturhus for å halde eit trikseshow og foredrag. 

Endeleg kjem verdsmeisteren i fotballtriksing til Stranda! Tobias Becs er verdsrekordhaldar og fem gonger verdsmeister i football freestyle.

Heilt sidan Tobias Becs kunne gå hadde han med seg fotballen, over alt. Etter ti år med tradisjonell fotballaktivitet bestemte Becs seg for å satse på ein karriere som fotballfreestyler. Det har han aldri angra på! Den ekstraordinære ballteften har gitt han mange titlar både nasjonalt og internasjonalt. Triksaren er også godt kjend frå TV-programma Mesterens Mester og Skal vi danse.

På Storfjord kulturhus får du denne kvelden oppleve trikseshow til musikk, samt eit opplegg på scena med demonstrasjon og informasjon. Truleg vil han utfordre nokre frå publikum om å prøve seg på scena..! Etter showet kan du få ein prat, kanskje ein selfie med, og autograf, frå stjerna.

Gå inn på www.storfjordkulturhus.no og bestill billetter!

0
Feed