Kampvert

Stranda IL Fotball har fått til gode rammer rundt kamparrangementa sine, og mange bortelag utrykker at det er spesielt kjekt å spele kampar på Stranda. Dette er vi stolt av! 

Innramming av heimekampar

Alle laga i Stranda IL Fotball skal ha minst to heimekampar i sesongen der ein startar med ei stemningsfull innmarsj til Champions League-hymna. Etter innmarsjen stiller laga og dommaren opp på midten, og speakeren ønskjer alle velkomne. Spelarane blir presenterte og får applaus frå publikum.

For lag med spelarar frå 14 år og oppover blir målskårarar og stillinga fortløpande kommentert av speaker under kampen.

I tillegg har alle turneringane på Stranda Stadion innmarsj, presentasjon og speakerteneste.

Korleis legge til rette for gode kamparrangement?

For å sikre gode opplevingar for spelarar, trenarar, dommarar og publikum, har Stranda IL Fotball lagt stor prestisje i å arrangere kampar med gode rammer. Trenarar og lagleiarar har ofte nok å organisere, så det er viktig at ein kampvert tar ansvar for å skape ein god atmosfære.

Kampverten si rolle

Kampverten spelar ei viktig rolle i å fremje Fair Play og sørge for at kampen blir gjennomført i ein trygg og positiv atmosfære. Kampverten skal:

Ha på seg gul kampvert-vest

Ta imot gjestar og dommar på ein hyggeleg måte

Dele ut foreldrevettkort

Bidra til ei god ramme rundt kampen

Oppgåver før, under og etter kampen

Før kampen

  • Møt opp i god tid for å sjekke at bane, mål og utstyr er på plass
  • Ønsk velkommen og ta godt imot dommar og gjestande lag
  • Bistå trenarane og dommaren med Fair Play-møte før kampen
  • Oppfordre foreldre og tilskodarar til å stå på motsatt side av laga og godt utanfor linja
  • Dele ut foreldrevettreglar
  • Hjelpe laga med å organisere Fair Play-helsing før avspark

Under Kampen

  • Støtte dommaren og passe på at reaksjonar mot dommaravgjersler er innanfor rimelege grenser
  • Oppfordre til gode og positive tilrop frå foreldre og publikum
  • Sørge for at tilskodarar held seg minst 2 meter frå sidelinja
  •  Bidra til eit positivt miljø blant trenarar, lagleiarar og spelarar

Etter kampen

  • Organisere Fair Play-helsing mellom laga
  • Takke begge lag og dommar for kampen
  •  Rydde rundt bana
  •  Melde frå om eventuelle brot på Fair Play til klubbens ansvarlege

Stranda IL Fotball ønskjer at alle kampar på Stranda Stadion skal vere ein positiv oppleving for alle involverte. Takk for at du bidrar til å skape ein god fotballkultur!