Skader og forsikring

Med grundig dokumentasjon vil ein stå sterkare dersom det oppstår seinverknadar av skaden eller eventuelle komplikasjonar under behandling. Er det noko ein lurer på ved skade kan ein ringe Idrettens skadetelefon. Her kan ein få bistand og rådgiving rundt forsikrings- og skadespørsmål.

Dokumentasjon ved skade

Grundig dokumentasjon er viktig dersom det oppstår seinverknadar av skaden eller komplikasjonar under behandling. Ved spørsmål om skade kan du kontakte Idrettens Skadetelefon, der du får bistand og rådgiving rundt forsikrings- og skadespørsmål.

  • Har du rapportert inn skaden via skjema, blir du kontakta av ein konsulent for oppfølging.

Forsikring for fotballspelarar

I Noreg er alle barn (0–19 år) som deltek i aktivitet organisert av eit idrettslag, forsikra gjennom Norges Idrettsforbund (NIF).

Fotballspelarar frå det året dei fyller 13 år må registrerast i FIKS. Dette blir gjort av klubbens FIKS-ansvarlege.
For at forsikringa skal gjelde, må medlemskontingenten i Stranda Idrottslag vere betalt.

Les meir om forsikring i Norges Fotballforbund

Idrettens Skadetelefon

Skadetelefonen hjelper idrettsutøvarar på alle nivå gjennom heile behandlingsløpet.

Ring 987 02 033
Åpningstider: Alle dagar kl. 09.00 – 21.00

Tenester som tilbys:

  • Rådgiving og behandling
  •  Helsepersonell med spesialkompetanse på fotballmedisin
  • Bestilling av utgreiing og behandling
  • Tilgjengelegheit og oppfølging
  • Gratis for alle registrerte spelarar