
04/07/2025 0 Kommentarer
Traktor og utstyr - Stranda Stadion
Etter mange år med ventetid og grubling så har Stranda Stadion endeleg ein eigen traktor med utstyr.
Først var målet å få plass eiga garasje og reidskapshus – dette var ferdigstilt i 2021.
Så skal kostnader dekkast inn.
I neste fase så veit alle den lange prosessen om nytt kunstgras på hovudbana. Vi måtte vente til dekke var på plass før ein kunne velge produkt utifrå behov.
Prosjekt traktor med utstyr har pågått i heile vinter der ein har hatt mange møter med leverandører og anbud.
Til slutt så landa ein på utvalgte produkt: Bestilling i april og levering i juni.
- John Deere traktor.
- Snøfres.
- Snøskjer.
- Vedlikeholdsmaskin.
- Sloddemaskin.
Alt av vedlikehald på hovudbana vert loggført i ein eigen app som lagrar data opp mot leverandør.
Dette går på brukstimar, vedlikeholdstruktur og garantier mm.
Utstyret gir moglegheiter for heile anlegget vårt som vi ikkje har hatt på plass tidlegare.
Stranda Stadion har stor belastning/brukstimar både dag og kveld i kjernesesong – så ein er heilt avhengige av skikkeleg utstyr.
Driftkostnadane er også store for anlegget og dei vil verte høgare etter denne investeringa (drivstoff, service, forsikring osv)
Kostnaden er høg og kjem på 1,4 million. Stort løft for fotballgruppa aleine.
Målet er å få dekt inn 80% av kostnaden eller helst 100%, fotballgruppa har benytta litt av eige anleggsfond.
Hovudsponsor Sparebanken Møre har allereie gitt signal om ei gave på kr.500.000 som dekker rundt 35% av kostnaden.
Dette er vi særdeles stolte og glade for. (sjekk bilde av traktor og hovudsponsor) Eiga sak seinare.
Vi vil få ein liten andel momskompensasjon.
Fotballgruppa er på jakt etter gode prosjekt som gir meir inntekter til denne store investeringa
Kommentarer