Statusrapport frå sletta tysdag!

Stranda sine tre lag har alle vore i aksjon i dag, og etter at alle kampane var ferdige sto Stranda igjen med tre poeng totalt og tre uavgjorte kampar! 

G16 - 7er

Etter to uavgjorte og eitt tap i gruppespelet, endar G16 på 3.plass på tabellen og går dermed vidare i B-sluttspelet.   Motstander i 16-delsfinalen i morga onsdag klokka 1100 er Fløy - Fotball! Vi ønskjer gutane lykke til! 

 

G19 - 11er 

Etter ein uavgjort og to tap endar Stranda sist på tabellen og går dermed inn i B-sluttspelet. På motsatt side i 32-delsfinalen står Strindheim Toppfotball 3 i morga klokka 1000. Lykke til gutar! 

 

J16 - 11er

Etter ein siger, ein uavgjort og eitt tap endar Stranda på 2.plass på tabellen, med eitt plussmål betre enn Dahle/Nordlandet. Dette gjer at Stranda går vidare til A-sluttspelet og møter der STAG,SPKL klokka 0800 torsdag. Jentene får då ein kviledag i morga onsdag.

Under følger ein aldri så lita oppsummering frå trenarane sjølve etter tysdagen! 

Stranda J16 er klar for A-sluttspelet!

Tysdag 29.7. spelte jentene siste gruppespelskamp og den endte 1-1 mot Dahle/Nordlandet. Jentene var skikkeleg på frå start, og spelte glimrande dei første 20 min. Emilie Rødseth sette inn 1-0 etter eit glimrande angrep, og Stranda hadde mange gode sjansar til å skåre fleire. På overtid av 1. omg., så vart det litt rot i eigen boks etter ein corner, og 1-1. Flatterande. 2. omg. så produserte Stranda endå fleire gode sjansar, og burde ha avgjort kampen, men litt slurv i avslutning eller siste pasning, så vart det ikkje fleire mål. Full kontroll bakover, og kontrollerte inn 1-1 og uavgjort, og jentene er dermed fortent vidare til A-sluttspelet. Fri i morgon, og 1. kamp i A-sluttspelet på torsdag kl. 08:00 på Ekeberg.

 

Strandafotball ønskjer alle våre lag lykke til i kampane både i morga onsdag og torsdag! 

0
Feed