
28/07/2025 0 Kommentarer
Statusrapport frå sletta!
Trenerteamet til J16 har sendt inn ein statusrapport etter to spelte kampar.
NC - J16
Søndag 27.07.
Harestua - Stranda. 7-1
Møtte eit særs godt og hardtsatsande Harestua-lag, som gav jentene i ein leksjon i fin fotball med stor fart og bevegelse, så her vart Strandajentene eit par nummer for små.
Måndag 28.07.
Stranda - Geilo 10-0.
TV-sendt kamp, der jentene fekk vise seg frå sin beste side. Mykje bra spel, fine kombinasjonar og god innsats av samtlige spelarar, så i denne kampen var det Stranda som var eit par nummer for stor i forhold til motstandaren.
Bilder frå før kampen mot Geilo, der dagens kaptein, Amalie Rusten, delte ut vimpel, MEN også spekematprodukt. Stranda J16 takkar Grilstad for sponsing av spekemat, og moglegheita til å halde i hevd ein gamal tradisjon - gi motstandarane «ein smak av Stranda».
Vi ønskjer jentene lykke til med siste gruppespelkamp!
Kommentarer