20/08/2026 0 Kommentarer
Sprudla på Fotballskulen
110 barn sprudla av glede på fotballskulen som vart arrangert helga før skulestart.
Stranda fotball arrangerte fotballskule same helga som Stranda Fjord Trail Race. Det var ei helg med mykje liv og røre både i sentrum og på Stranda Stadion.
Heile 110 barn var i aksjon på Stranda Stadion.
Deltakarane kom sjølvsagt med stort prosental frå Stranda. Men både Valldal og Sunnylven hadde ein imponerande delegasjon påmeldt. I tillegg nokre frå NEG og Sykkylven.
Laurdag var været veldig bra og det var suksess frå start til slutt. Fleire treningsøkter delt inn etter alder og hoppeslott som pauseaktivitet.
Ut på dagen fekk vi besøk av toppseriespelarane frå Aafk kvinner som ga mykje av seg sjølv.
Både intervjue, bilder og autografer. Det var Daniela Døgg Guanadottir og Hannah Aurbekkholen
Aafk Kvinner er det nest beste laget i Norge i desse dagar. Plassen bak Brann og skal spele Cupfinale i september.
Søndag vart det meir ustabilt med regn, men ungane storkosa seg og brydde seg ikkje nevneverdig. Hoppeslottet blei dessverre ikkje brukt denne dgen pga. regn.
Det var turnering og kampar delt inn etter alder stort sett heile dagen.
Delt inn slik; 6-7 år og 8-9 år – med dei eldste 10-12 år.
Pizza frå Grandiosa ovnen og pølse m/brød frå Jernia Stranda grillen var maten desse dagane. I tillegg til frukt begge dagar.
Vi vil takke alle instruktørar og hjelparar som stod på for arrangementet og barna desse dagane – rundt 40 i talet.
I august 2027 er vi klare igjen – berre å glede seg.
Kommentarer