SPORTSPLAN - Revidering

Stranda Fotball sin Sportsplan er revidert med mykje nye fagavsnitt. Denne vil vere lett tilgjengeleg under klubbdrift her på denne heimesida.

Prosess og forankring:
Stranda Fotball har i lengre tid brukt ein del ressursar på revidering av sportsplanen.
Den har vore «pussa» på i mindre justeringar nokre gongar etter pandemien, men ikkje i større grad på det totale innholdet.
Grunnen til at det har tatt ein del lengre tid enn planlagt er at vi hadde eit ønske om ei brei forankring noko som er gjennomført.
Så vart det bestemt at klubben skulle ha ny visjon som påfølgande gjer at tråden og samanhengen i sportsplanen er bygd opp utifrå denne visjonen.

I hovudtrekk er dette endra:
NY Visjon.
Hospitering: Revidert og ny definering av hospitering 12-19 år og Rullering 9-11 år.
Samarbeid; Fotball -vs-andre aktivitetar: Nytt avsnitt.
Tilrettelagt aktivitet: Nytt avsnitt.
Dommarutvikling; Nytt avsnitt.
Landslagskulen: Nytt avsnitt og justert det gamle.
Spesielle retningslinjer for prioriteringar av kampar i ungdomsfotball: Justert til dagens målsetjingar.
Samarbeid årskull: Nytt kort avsnitt.
Speletid: Nytt avsnitt under topping av lag.
Mål, tema og øktmodeller for barn og ungdom: Nye elektroniske linkar mot NFFs www.tiim.no
Anleggsflater, banestørrelsar og oppmerking: Nytt avsnitt.
Kart av anlegget og arenanavn: Nytt avsnitt.
Stranda sin utvalgte 11-er: Nytt tillegg.
Nye notat/endringar: Små endringar «her og der» ellers i planen.
Litteraturliste: Oppdaterte elektroniske linkar og spesielt www.tiim.no
Bilder – 4 stk bilder lagt inn under tema.

Kor finn eg SPORTSPLANEN:
Øverst på heimesida under fana klubbdrift og vidare Sportsplan i PDF format.

0
Feed