Opning av nye LED-lys

Stranda Stadion har endeleg fått dei etterlengta nye LED-lysa på heile Stranda Stadion.

Det betyr seks stk nye LED-lys på hovudbana og to stk på treningsbana.

 

Totalkostnaden er på rundt 850.000,- og heile prosjektet er finansiert.

 

Vi vil takke hovudentreprenøren EL24 Stranda for flott samarbeid i heile prosessen.

I tillegg så har desse bidratt sterkt i å få dette finansiert:

Sparebanken Møre – TEFT: Gave kr.250.000,-

Utsyn Industrier AS: Gave kr.100.000,-

 

Fotballgruppa dekker sjølve med eigenkapital det som står igjen.

Fotballgruppa i samarbeid med Stranda Kommune søker tippemidlar og vi kan søke momskompensasjon.

 

Opning 15.oktober under siste herrekamp for året.

Gjestar som er involvert i prosjektet var invitert til ein kaffe og eit kakestykke før kampstart.

I pausa var lysa offisielt opna.

 

Lysa vil også kunne styrast av eigen app og vi har hovudbrytarar ved klubbhuset.

Det er veldig viktig at lysa vert slått av når det ikkje er aktivitet på anlegget– for straumutgiftene er store på desse lysa tross stor nedgang i forbruk ved bærekraftige og miljøvennlege nye LED lys.

 

Vi takkar alle involverte og no har vi veldig bra lys i mørketida.

0
Feed