17/04/2026 0 Kommentarer
Nyheit - Strandatoast
Etter fleire tiår har styret i fotballgruppa bestemt å byte ut den tradisjonsrike menyen pølse m/brød med toast.
Det har vist seg å vere vanskeleg å beregne fryste pølser og brød. Noko som har ført til mykje matsvinn. Det har også vore eit ønske om å kunne tilby eit litt sunnare alternativ enn pølser. Etter tips frå våre frivillige har driftige kvinner i fotballgruppa kome med nyheita Strandatoast som består av grovbrød, smør, Strandaskinke og ost.
Toasten vil vere tilgjengeleg i begge kioskane, også på kampar i barnefotballen.
Toasten var ein stor suksess på sist senior herrekamp, då det blei solgt heile 14 stk. Dommartrioen på kampen fekk servert toasten som kveldsmat før heimreise (sjå bilde)
Neste gong du er i ein av kioskane sjekk ut vår nye Strandatoast.
Kommentarer