
24/06/2025 0 Kommentarer
Lerum Cup!
Stranda sine lag på Lerum Cup 2025 gjorde det meget skarpt i helga i Sogndal, der fleire lag kom seg særdeles langt.
J14 med BRONSE i Lerum Cup!
Siste året på Lerumcup gav J14 ei absolutt godkjent avslutning på denne turneringa! Dei var nær i fjor, då rauk dei på antal corner, men i år vart det gløymt! Turneringa sitt einaste tap kom mot sjølvaste Sogndal i semifinalen, og 0-1 smakte ekkelt nok, trass i at Sogndal kom og sa det var den tøffaste motstanden dei hadde hatt i turneringa. Det seier litt om våre jenter, når Sogndal vann klassa!
Innleiande kampar starta laurdag i strålande sogne-sol og 5-0 sigrar mot både Masfjord FL og Fri IL. Her kom det Strandaskåringar frå jenter som ikkje hadde skåra sidan Tarecup! Søndag spelte ein mot Askvoll, 1-1. Dette førte Stranda J14 rett til kvartfinalen, der Masfjord 1 vart motstandar i regnet på Fosshaugane. Med 1-0 gjekk ein då vidare til semifinale mot nemnte Sogndal. Tapet der førte Strandajentene til bronsefinale mot Sykkylven, samstundes som Strandagutane spelte G14-bronsefinale mot Hødd på same bana. Godt med heiagjeng i Sognehallen, med andre ord. Nabooppgjeret i saftbygda enda med 2-0 til Stranda, og ein velfortent tredjeplass i turneringa. Knallslutt for Lerumcup-tida og knallstart på sommerferien! Gratulerer!
Skåringar:
Stranda-Masfjord FL 5-0 (Julie Hagen 2, Amina Gravesande, Bali Brunvær, Lisa Løken)
Stranda-Fri IL 5-0 (Amina Gravesande 3, Ada Nordstrand 2)
Stranda-Askvoll 1-1 (Lisa Løken)
Stranda-Masfjord 1 1-0 (Julie Hagen)
Stranda-Sogndal 0-1
Stranda-Sykkylven 2-0 (Julie Hagen, Guro Blindheim)
Maria Furset, lagleiar Stranda J14
G14 tapte bronsefinalen marginalt!
Stranda sitt lag gjorde ein meget bra figur under årets turnering.
Dei spelte seg fram til semifinalen i A-sluttspelet etter å ha vunne 1-0 mot Odda.
I semien tapte Stranda knepent 2-1 mot Volda.
I bronsefinalen tapte dei 1-0 mot Hødd.
J13 tapte kvartfinalen.
Vårt J13 lag tapte kvartfinalen mot Langevåg/Sula etter å ha vunne kampane for å kome til A-sluttspelet.
Desse jentene fekk god erfaring gjennom mange kampar.
G12 imponerte:
Stranda sitt G12 lag spelte seks (6) kampar og fekk vist seg fram frå si beste side.
Vi skapar ikkje resultat, men laget imponerte med solid spel i tre dagar.
Kommentarer