Kjekk helg med fotballskule!

Nok ein fotballskule er over, og vi er særs nøgd med korleis helga utarta seg! Sjølv om værgudane satte ein stopper for hoppeslottet laurdag, smilte dei søndagen og det same gjorde borna når dei endeleg fekk hoppe litt i mellom all fotballsparkinga. 

Stranda fotball har hatt som tradisjon og arrangere fotballskule siste helga før skulestart, etter ein lengre pause er vi no inne i vårt tredje år på rad.  Ei knallkjekk helg som gir born og vaksne mykje glede! Under er nokre punkt frå helga: 

  • 110 deltakarar i alderen 6-12 år.
  • 20 av desse besøkande frå naboklubbar.
  • Rundt 30 frivillege i sving begge dagane.
  • Blide og engasjerte deltakarar.
  • Trening, kampar, mat, sosialt, hoppslott, proff besøk mm.
  • Flott fotballskulevær begge dagane.

 

Fotballgruppa inviterer til ny fotballskule i august 2026.

0
Feed