
31/07/2025 0 Kommentarer
J16 er også ute av Norway Cup!
J16 tapte torsdag ettermiddag 4-1 mot det amerikanske laget Eden Prairie Soccerclub! Og med det er alle laga til Stranda ferdige for denne gong på NC.
Det starta så bra for jentene torsdag ettermiddag og dei tok tidlig ledelsen mot amerikanerane, men på nokre få minutt midt i første omgang snudde det totalt og plutselig fekk ein 3 baklengsmål. Dette resultatet sto seg til pause, ein jamnspelt andre omgang enda med nok eitt amerikansk mål og 4-1.
Jentene har gjort ein heroisk innsats gjennom heile turneringa, og bær være stolte av seg sjølv.
Totalt sett så har nok alle laga til Stranda kosa seg på Stranda, sjølv om resultata har variert litt. Eitt av dei viktigaste aspekta med denne turneringa er ikkje berre fotballen, men det sosiale ein får oppleve gjennom ei heil veke i Oslogryta. Nye vennskap blir skapt og nye minner blir lagra i banken.
Takk for superunderhaldning gjennom heile veka, og hugs at det er ikkje lenge til haustsesongen startar!
God tur heim!
Kommentarer