
02/07/2025 0 Kommentarer
Hove og Andersen ansvaret haust 2025
Nye trenarar på plass for herrelaget i 5.divisjon ut sesongen 2025.
Espen Hove og Cato Andersen har vore assistentar under hovudtrenar Olav Martin Amdam i 2025.
Amdam og Stranda Fotball var enige om å avslutte samarbeidet etter seriekampen 12.juni.
Det er ingen dramatikk i denne avgjerdsla då Amdam hadde over tid har følt på at han ikkje klarte å tilføre laget meir energi og utvikling.
Etter ei totalvurdering så vart Amdam og fotballgruppa enige om å skille lag som gode venner.
Amdam vil nok vere Strandapatriot vidare og bidra på enkelte arrangement i klubben.
Siste to seriekampar hadde Hove og Andersen ansvaret. I den siste kampen borte mot Aksla kom også den første sigeren.
Stranda står med fattige 4 poeng, men trua er på plass til haustsesongen der ein håpar på ein sterkare tropp og meir stabilitet på trening.
Stranda har også sju av elleve kampar på heimebane.
Hove og Andersen tar laget ut haustsesongen og vil få ansvaret for trening, kamp, planlegging og oppfølging.
Som ressursar rundt laget har vi Fredrik Klokk Fausa og Magnus Sturk.
I tillegg til A-lag herrer i 5.divisjon så har vi Stranda 2 i 6.divisjon og G19 3.divisjon.
Henrik Johnsen har bidratt rundt 6.divisjonslaget og her vil vi styrke apparatet til hausten.
Cato Andersen og Frode Rusten har hatt G19 laget, der Rusten også har G16 laget og hovudansvaret for treningsgruppa G16/G19.
G16 og G19 skal også delta på Norway Cup.
Vi ønsker Hove og Andersen lykke til med senior 1 til hausten og vi ser fram til ein spennande haustsesong.
Endre Kjølås, sportsleg leiar og Ronny Ødegård, daglig leiar
Kommentarer