11/12/2025 0 Kommentarer
Historisk valgt styreleiar!
«Historisk assist frå Tommy Sandø til matchvinnar Astrid Elin Håseth på det Årlege møtet til Fotballgruppa»
Historisk:
Årleg møte i fotballgruppa stod for eit historisk augneblikk – då Astrid Elin Håseth vart valgt til den første kvinnelege styreleiaren i historia.
Astrid Elin tar over stafettpinnen frå Tommy Sandø som har heile 11 år i fotballstyret og siste fem åra som styreleiar.
Årlege møtet:
Først til det Årlege møtet der det var 18 personar tilstades og påfølgande god stemning.
Årsmeldinga viser stor aktivitet gjennom heile kalenderåret.
Både sportsleg aktivitet, ulike arrangement og samfunnsansvaret som vi er evige stolte av.
For å «bevege seg» kvar dag i vår organisasjon så krever det rundt 120 valgte voksne ressursar. I tillegg kjem alle foreldre til våre 310 aktive.
Årlege møtet i fotballgruppa er underlagt Stranda IL sitt Årsmøte i mars 2026.
Styret i Stranda IL Fotball:
Leiar: Astrid Elin Håseth – 2026-2027
Nestleiar: Torbjørn Langlo – ikkje på val (set også i styret til Sunnmøre Fotballkrets)
Medlem: Espen Hove – ikkje på val
Medlem: Tonje Beate Årvik – ikkje på val
Medlem: Siw Linda Kvame – ikkje på val
Medlem: Endre Kjølås – 2026-2027
Medlem: Nils Erik Espelund – 2026-2027 (ny)
Medlem: Kristoffer Joranger – 2026-2027 (ny)
Lang fartstid:
Tommy Sandø som ikkje har hatt barn med i fotballgruppa på over ti år har vore ein enorm ressurs i mange år i fotballgruppa.
Først som trenar/lagleiar for sine døtre, så fotballskulegeneral og delaktig i mange små og store arrangement.
Seinare inn som styremedlem i fotballgruppa og dei siste fem åra som styreleiar.
Men; ja heldigvis så vil JA personen Tommy forsatt bidra på ulike arena i fotballgruppa, men ikkje i styret.
Styremedlem Siw Linda Kvame «takka han av» med flotte ord om Tommy som person, motivator, humør, ståpåvilje og dedikasjon.
Kvinne til roret:
Om Astrid Elin Håseth setter kursen mot babord eller styrbord side får vi sjå etter kvart.
Vi må nok tole både solskinnsdagar og at det blæs opp til storm i ein stor frivilleg organisasjon.
Så håper og trur vi at det vil vere aller mest av sol, blå himmel, vindstille, fuglar som kvitrar og eit brennande positivt engasjement inn i dei nye sesongane.
Vi får først og fremst ein strukturert og engasjert styreleiar inn som ansvarleg for styret.
Ho har allereie vist oss gode leiareigenskapar på mange områder. Vi gleder oss til samarbeidet.
Så er Håseth historisk i eit kvinneperspektiv når det gjelder vervet i Stranda Fotball.
Stranda IL har hatt ein kvinneleg styreleiar i 2005 og 2006 då Anne Lise Karlsen hadde vervet der.
Komplementert styre:
Styret i Stranda Fotball vil no ha åtte personar med ulike fagansvar som vi håper vil stette krava i organisasjonen.
Både kontinuitet og nyrekruttering dannar eit fagleg sterkt styre.
Ikkje minst vil nye strategidokument vere pådrivar i korleis vi styrer klubben i framtida.
Vi er i stadig utvikling – så få vi håpe kondisjonen er på topp.
Ny VISJON:
Det har i over eit år vore ein plan å endre Visjon til fotballgruppa.
Kvifor? Den gamle er for lang og vanskeleg å både huske og stette under aktiviteten kvar dag.
Vi ønsker ein ny som er AKKURAT det Stranda Fotball og Stranda tettstad kan dekke seg bak i åra som kjem.
Vi ønsker å vere ein del av ei spennande utvikling i Stranda og vere pådrivar og referansesetter i mange samfunnsoppdrag.
Derfor er det ei glede at styret kan presentere den nye Visjonen:
«Frå Denne Stranda kjem verdens beste fotballklubb»
Meir om denne nye Visjonen vil kome i påfølgande informasjon om strategidokumenta til fotballgruppa etter nyttår ein gong.
Mvh.
Langpasning inn i framtida
Ronny Ødegård, dagleg leiar
Kommentarer