Hessa cup

Helga 29-30. august deltok jente 13 på Hessa cup.

Laurdagen spelte jentene på Skarbøvik stadion. I fyrste kamp møtte dei Valder, ein jamn kamp som enda 1-1, jentene sikra seg eit poeng. I andre kamp viste dei musklar og vann 2- 0 mot Fron. Siste kamp laurdag var mot Blindheim, litt slitne bein gjorde det krevjande og kampen enda med tap. Etter god innsats fyrste cupdag gjekk laget vidare til A-sluttspel på sundag. Tidleg opp og kvartfinale kl. 09.25 på Hessa stadion, der dei møtte Guard/Rollon. Dei kjempa godt og viste mykje kvalitet, men dessverre var ikkje marginane på Stranda si side, det vart tap og jentene var klar til å reise tomhendt heim. Slik vart det ikkje, for laget hadde sanka flest dommarpoeng gjennom turneringa og med det vann dei den gjeve Fair-play prisen i jente 13 klassa! Ein flott pokal vart med heim i bagasjen, saman med gode minner og viktig cup-erfaring. Ressursteam er storfornøgd med innsatsen og gler seg til fleire fotballopplevingar saman med kjekke jenter.

0
Feed