27/02/2026 0 Kommentarer
Grasrottrener delkurs 4
I samarbeid med Sykkylven gjennomfører vi delkurs 4 i Grasrottrenaren i veke 9 og 10.
Totalt 18 trenarar frå Stranda og Sykkylven samla seg for teoridelen på klubbhuset på Stranda torsdag 26/2-26. Her var det gode faglege diskusjonar og mykje god teori frå Ronny Ødegård og Arnfinn Lødemel og sjølvsagt Grandiosa til kveldsmat.
Tysdag 3.mars samlast vi igjen for praksisdelen i Sykkylven, før det i etterkant blir meir praksis i eigen klubb.
Ekstra gledelig er det at heile tre damer(alle frå Stranda) gjennomfører delkurs 4 og blir då ein del av dei få damene i kretsen/landet som sitt med alle 4 delkursa. Vi gratulerer!
Kva er grasrottrenaren tenkjer du kanskje?
Det er ei lisensutdanning over fire trinn. Primærmålgruppa for denne kursrekka er trenarar i barne- og ungdomsfotballen, samt dei som eventuelt har ambisjon om bli spelarutviklarar eller være trenarar i voksenfotballen.
Hovudmålet er å tilegne seg kunnskap om fotballens verdigrunnlag og ei god sporsleg klubbdrift, i tillegg skal ein skaffe seg kunnskap om å ha gjennomføringskraft til å leie både spelarar, grupper og lag slik at trivsel og utvikling skjer både på og utanfor bana.
Grasrottrenar 1: Barnefotballkurs (6-8 år)
Verdigrunnlag, klubben som sjef og trenaren som veileder er nokre av hovudfokusa her.
Grasrottrenar 2: Barnefotball - flest mogleg med kvalitet (9 - 10 år)
Laget som ein del av klubben og NFF,keeperen, Differensiering og spelets ide og ferdigsheitsdimensjonane er nokre av emna ein kjem innom.
Grasrottrenar 3: Mot ungdom - lengst mogleg - (11 - 12år)
Overgangen frå born til ungdom, trenaren som veileder og medmenneske, forsvar-angrep og innlæring av delferdigheiter.
Grasrottrenar 4:
Ungdomsfotballen sitt verdigrunnlag, prinsipp i angrep og forsvar, årsplanlegging og vegen mot toppen er nokre av delemna ein snakkar om.
I tillegg til fysisk teori og praksis må ein gå igjennom e-læring på nett.
Stranda skal også i 2026 gjennomføre grasrottrenar 1, vi anbefalar alle våre trenarar å gjennomføre dette kurset.
Kommentarer