04/08/2026 0 Kommentarer
Frode er Stranda sin Norway Cup general
Frode Verpeide har deltatt på Norway Cup heile 33 gongar.
Frode Verpeide har vore på alle Norway Cup arrangementa sidan 1991, bortsett frå pandemiåra 2020/2021. Dette gir eit totalt antall på 33 besøk til verdens største turnering.
Frode har vore både lagleiar, trenarteam, koordinator og supporter på alle desse åra.
Det er ingen Strandar som er i nærheita av å ha så mange besøk til denne turneringa.
Truleg er det ingen andre på Sunnmøre som har så mange år som Frode.
Og det vert garantert fleire besøk seier han og det veit vi er sanninga også.
Frode har stort sett hjelpt til med ein del planlegging og diverse inn mot desse Osloturane.
Stranda stiller i snitt med to lag kvart år.
Frode kjenner nok korleis ein skal kome seg rundt i Oslo med alt av kollektivtransport etter alle desse åra.
Han har nok vore innom nokre skular og hotell desse åra.
Her er nokon av prestasjonane for Stranda:
1995: Vinnar B-sluttspel J16 – 11er
1996: Vinnar B-sluttspel J16 – 11er
2003: Vinnar B-sluttspel G19 – 11er
2009: Nr.3 i J16 A-sluttspel – 11er
2012: Nr.3 i G14 A-sluttspel – 7er
2024: Nr.3 i J14 A-sluttspel – 7er
2024: Nr.3 i J15 A-sluttspel – 7er
Resultata til Stranda har vore lagt ut kvar dag på klubbens FB side.
Resultat:
J15 11-er:
Stranda – Trygg/Lade 3-1
Stranda – IF Norrkjøping 0-4
Stranda – Loddefjord 0-1
B-sluttspel:
Stranda – Søndre Land 3-0
Stranda – Spjelkavik 1-2
G16 7-er:
Stranda – Lambertseter 2-6
Stranda – Sparbu/Byafossen 3-1
Stranda – Nordhordland BK 14-3
A-sluttspel:
Stranda – Jardar 3-4
Kommentarer