Avslutningfest for barne- og ungdomsfotballen!

Fredag 24.oktober arrangerte Stranda Fotball avslutningsfest for barne- og ungdomsfotballen i amfiet på Stranda Ungdomsskule. 

Alle lag frå 6 år og opp til 12-årslaga hadde si avslutning på sesongen denne kvelden! Alle lag hadde på førehand valgt seg ut sin eigen sang som blei spelt når dei kom fram til trampeklapp frå resten av salen. Alle spelarar fekk utdelt velfortjent heder for ein godt gjennomført sesong i form av ein pokal. I tillegg fekk ein med seg noke snop og ein is på veg ut døra! 

Styret i Stranda Fotball vil med dette takke alle lagleiarar og trenarar for ein meget godt gjennomført sesong, og vi tek no fatt på evalueringsmøter med alle lag på kva som kan bli betre og kva som var bra i 2025. I tillegg vil vi takke alle våre spelarar som har representert Stranda på ein framifrå måte gjennom heile sesongen, vi gleda oss til 2026! 

 

PS! Beklager ikkje altfor gode kvalitet på bilda, då det var dårleg lys og i tillegg var litt vanskelig å få alle til å sjå i samme retning.. 

0
Feed