15/02/2026 0 Kommentarer
Adelskalender senior kvinner
Endeleg har vi «nesten» ei komplett oversikt av antall kampar som er spela for senior kvinner på Stranda i fleire tiår.
Stranda fotball har diverre ikkje hatt ressursar til å oppdatere oversikta over talet på seniorkampar på kvinnesida for Stranda fotball sidan 2008.
Det er no gjennomført eit prosjekt som har hatt som mål å oppdatere denne oversikta.
Det er lagt ned fleire titals timar for å kome fram til dette resultatet.
Frå og med 2014 var alle kamprapportar lagt ut på fotball.no. Men i perioden 2009-2013 er det berre fysiske kamprapportar i arkivet til Sunnmøre FK som inneheld informasjon om spelte kampar frå denne perioden. Alle kampar med unntak av tre (to i 2010 og ein i 2012) er funnen og manuelt gjennomgått. Det same er alle digitale kamprapportar i åra 2014-2025. Dette betyr at spelarar i 2010 og 2012 potensielt kan mangle tre kampar i lista. Desse spelarane har fått ei stjerne (*) bak namnet sitt i lista.
Sunnmøre FK opplyser at dei har planar om å digitalisere alle fysiske kamprapportar frå denne perioden, og vi vonar då at dei tre manglande kamprapportane blir funnen slik at vår oversikt blir komplett. Om nokon har informasjon om laglister for senior kvinner i 2010 eller 2012, ta gjerne kontakt.
Oversikta er følgjeleg oppdatert til og med 31.12.2025. Fysiske kamprapportar er tilgjengelege dersom den enkelte spelar meiner ho har fleire kampar enn det som viser av oversikta frå 2009-2013. Kamprapportar frå 2014-2025 ligg i fotball.no. Dessverre er ikkje spelarprofilane på fotball.no rett for perioden 2014- ca. 2020, og ein må difor finne aktuell sesong og gjennomgå kamprapportane i fotball.no for å få full oversikt om ein har spelt i desse sesongane. Spelarar i sesongane 2021-2025 kan i stor grad stole på statistikken på sin spelarprofil i fotball.no
Stranda har i periodar hatt samarbeidslag med Sunnylven IL og ein sesong ilag med Stordal IL.
Det er berre spelarane som har vore medlem i Stranda IL som er registrert i denne oversikta.
Ta gjerne kontakt om det er spørsmål, vi ønsker at denne oversikta skal vere rett.
Ikkje minst vere til inspirasjon for at fleire jenter får sine første seniorkampar og kanskje runde 50 eller 100 kampar ein gong.
Kvinner som allereie har kampar til å spele nokre fleire for å få eit rundt tal.
Kanskje få fleire kampar enn mor, tanter eller andre. Forhåpentlegvis vil dette bidra til økt kvinnesatsing i klubben i åra som kjem.
Kommentarer