A-lag herrer på plass

Stranda sitt herrelag hadde ein stor opptur siste del av hausten.
Tidleg i desember vart også apparet for den komande sesongen på plass.

 

Apparatet for 2026:

Espen Hove og Cato Andersen tok over etter vårsesongen 2025. Det vart ein svært positiv haustsesong.
No er det klart at Espen vert hovudtrenar og Cato assistenttrenar. Dette er klubben godt nøgd med.

Hovudtrenar: Espen Hove
Assistenttrenar: Cato Andersen
Utstyransvarleg: Fredrik Fausa
Hjelperessurs: Magnus Sturk
Ansvarleg herrer 2: Henrik Johnsen

Det kjem inn fleire rundt laga som gode ressursar etter kvart.

 

Spelarstallen:

Det ser ut som alle fortsetter. Det som også er svært positivt er at herrer 1 og herrer 2 samarbeider tett og har mykje felles sosialt.
Vi jobbar med stallane framover. Storskorar Jonas Flo har tidlegare vore ute med ei krevjande skade, men blir no med frå start i 2026! 

Dessverre så vert det ikkje G19 i 2026, men dei spelarane som vanlegvis høyrer til her vert inkludert i A-stall og B-stall.

 

Laget hadde ei kjekk avslutning på 2025 med årsfest der ulike prisar blei delt ut. 

Årets spelar: Levi Habostad (yngste gjennom historia)
Toppskorar: Jonas Flo
Treningsprisen: Anders Kirkhorn
Grip Sjansen prisen: Henrik Johnsen

 

Antall kampar:

Robin Aal Norangshol – 150
Anders Lie Kirkhorn – 150
Daniel Aal Norangshol – 100
Aagash Nistularajan – 100
Leo Bjørdal – 50
Jakob Fjellanger – 50

 

5.divisjon 2026:

Stranda – Sykkylven – Aksla – SIF/Hessa – HaNo – NTNUIÅ – Giske – Emblem – Blindheim

Hasundgot – Volda2 – Sande

0
Feed