Stranda Fotball – Ein klubb for alle

Stranda Fotball har alltid vore ein av dei største klubbane på Sunnmøre. Rundt tusenårsskiftet var Stranda Fotball den største klubben i området, med over 30 lag påmeldt i serien. Aktiviteten er framleis høg i dag, med meir enn 90 % av barn og unge i dei yngste speleklassene innom klubben, og over 75 % av borna i kommunen mellom 7 og 13 år aktive. Dette er blant dei høgaste tala i Noreg og noko vi ynskjer å oppretthalde og vidareutvikle.

Visjonen til Norges Fotballforbund

"Fotballglede, muligheter og utfordringer for alle"

Dette betyr at fotballen skal vere open og inkluderande. Ingen skal stengast ute, uavhengig av sosial eller kulturell bakgrunn, funksjonsnivå, alder eller kjønn. Alle skal kunne få eit tilbod tilpassa:

Eige ferdigheitsnivå

Eigne ønskjer

Eigne behov

Eigne ambisjonar

Organisasjonane skal pregast av trivsel, glede og fellesskap. Aktivitetane skal bygge på verdiane respekt, toleranse, likeverd og solidaritet.

Stranda Fotball sin visjon

"Stranda Fotball skal vere eit fellesskap for individuell og kollektiv utvikling i eit trygt og godt miljø."

Ein klubb for alle

Stranda Fotball er ein breiddeklubb med eit klart mål om å skape eit sunt og trygt oppvekstmiljø i Stranda kommune. Klubben sitt hovudmandat er å leggje til rette for at barn og unge kan vekse opp i eit inkluderande miljø der meistring og deltaking står i sentrum.

Meistring og utvikling

Meistring og utvikling skal vere i fokus, ikkje berre resultat. Stranda Fotball skal vere ein arena for læring, glede og fellesskap, der alle får høve til å delta uavhengig av ferdigheitsnivå. Eit breitt og høgt aktivitetsnivå er viktigare enn gode kamp- og serieresultat.

Framtida og ambisjonar

Samtidig ser vi at eit sterkt idrettsmiljø legg grunnlaget for utvikling av talent. Stranda Fotball ynskjer å inspirere og støtte spelarar som vil utvikle seg vidare og hevde seg på høgt nivå.

Målsetjingar

For å realisere visjonen har Stranda Fotball sett seg følgjande mål:

  • At 75 % av alle barn under 13 år skal spele fotball – både jenter og gutar.
  • At alle barn og unge skal ha vore på ei trening med Stranda Fotball.
  • At dei som ikkje er aktive som spelarar eller trenarar, søkjer seg til andre roller i "fotballfamilien".
  • At det er kontinuitet på trenar- og leiarsida.
  • At spelarar frå naboklubbane ser på Stranda Fotball som den naturlege klubben å gå til dersom deira moderklubb manglar eit tilbod.
  • At Stranda Fotball stiller lag i alle årsklassene.

 

Dersom klubben oppnår desse måla, vil vi langt på veg lukkast med å skape eit trygt og godt miljø for individuell og kollektiv utvikling.

Verdigrunnlag

All aktivitet i Stranda Fotball skal vere forankra i verdiane kunnskap, lojalitet, ansvar og respekt.

Kunnskap

  • Trening og kampaktivitet skal baserast på kunnskap, ikkje berre erfaring.
  • Barn og unge kan forvente å lære i Stranda Fotball.
  • Trenarar og leiarar skal aktivt søkje kunnskap gjennom kurs og samlingar.

Lojalitet

  • All treningsverksemd skal vere i tråd med Stranda Fotball sine verdiar, mål og retningslinjer.
  • Medlemmar skal aktivt bidra til å vidareføre klubben sitt arbeid.
  • Ein skal vere ein god og lojal lagkamerat og samarbeide for utvikling av klubben.

Ansvar

  • Alle har eit ansvar for å representere klubben på ein god måte.
  • Alle har ansvar for å delta på dugnader og arbeidsoppgåver klubben prioriterer.
  • Alle har eit ansvar for å skape trivsel og utvikling i klubben.
  • Open kommunikasjon er viktig – ein snakkar med folk, ikkje om folk.