Kamparrangement og Fair Play i Stranda Fotball

I Stranda Fotball legg vi stor prestisje i å skape trygge, inkluderande og profesjonelle rammer rundt våre fotballkampar.

Fair Play – Ein viktig del av Stranda Fotball

Stranda Fotball er ein breiddeklubb, og vi trur at fokus på Fair Play, både på og utanfor bana, er avgjerande for at alle skal få ei positiv oppleving. Vi har difor arbeidd aktivt med å styrke våre Fair Play-tiltak:

  • Eiga Fair Play-ansvarleg som sikrar gode kamparrangement.
  • Fair Play-skilt ved stadioninngangen.
  • Utdeling av grønt kort ved utvalde hovudkampar og turneringar.
  • Kampvert på alle heimekampar for å skape ein trygg og inkluderande atmosfære.

Korleis legge til rette for gode kamparrangement?

Ein god kampoppleving startar lenge før avspark.
Det handlar om å skape ei positiv ramme for både heimelag, bortelag, dommarar og publikum.

Planlegging før kamp:

1. Send ein hyggjeleg SMS til motstandarlaget 2–3 dagar før kampen og ønsk dei velkomne.
2. Klubben vel ut to hovudkampar per lag der vi lagar ekstra stas. Dette blir informert om ved sesongstart.

Dommaren blir ønskt velkommen av lagleiar/kampvert.

Motstandarlaget blir teke godt imot og vist til garderobe.

Lagleiaren leverer spelarlista til speakerbua.

 Innmarsj til Champions League-hymna.

 Speaker presenterer lag og dommar.

Fair Play-helsing mellom laga før avspark.

Under kamp kjem speaker med målskårarar, anekdotar og helsingar.

Kiosk bemanna av foreldre eller foresatte

Gjennom åra har vi blitt kjent for våre gode arrangement, og vi er stolte av at både spelarar og gjestande lag ser fram til å besøke oss.

Vi meiner at ei god kampoppleving ikkje berre handlar om sjølve spelet, men også om korleis vi tek imot gjestane våre. Difor har vi etablert klare rutinar for å sikre at alle kampar vert gjennomførte i ein god Fair Play-ånd.

Kampvert – Ei viktig rolle

Ein kampvert har ein avgjerande rolle i å skape gode opplevingar for alle på stadion

Oppgåver for kampverten:

  Møte opp i god tid og sørgje for at alt er klart til kamp.
  Ta godt imot dommaren og gjestane med eit handtrykk og ei velkomsthelsing.
  Sørgje for at Fair Play-helsing blir gjennomført.
  Dele ut foreldrevettreglar til publikum. 
  Bidra til ei positiv stemning blant foreldre og tilskodarar.
  Takke dommar og motstandarlag etter kampen og ønskje dei vel heim.

Les mer om kampvert

Kven er kontaktperson i Stranda Fotball?

For å vidareutvikle kamparrangementa våre har vi oppretta ein Fair Play-ansvarleg i klubben. Dette er personen du kan kontakte for:Innspel, ros eller konstruktiv kritikk om våre arrangement.
Rapportering av uønskte situasjonar eller alvorlege hendingar.
Forslag til forbetringar basert på erfaringar frå andre klubbar.

Saman skapar vi gode opplevingar!

Stranda Fotball har dei siste åra fått mykje ros for våre kamparrangement. Dette er takka vere innsatsen til frivillige, spelarar, trenarar og foreldre. La oss halde fram det gode arbeidet – for fellesskapet, for klubben og for fotballgleda!