J06.jpg
Oppstart J06
Stranda startar med 6-åringar
For første gong i historia startar Stranda Fotball opp med tilbud for 6-åringar.

Mandag 8.april var første trening for både jenter og gutar.
11 jenter møtte opp for dei som er født i 2013 til sin første time med aktivitet

Litt seinare på ettermiddag kom 13 gutar til si første trening.
Aktiviteten vert i hovudsak i «ballbingen» 3-er banene.

Både jentene og gutane skal delta på fire miniturneringar kvar iløpet av året, to vår og to haust.
Turneringane for 6-7 år er 3-er i ballbingen.

Begge laga har gode ressursar rundt seg - med 4-5 voksne.

Ein ønsker stor foreldreinvolvering sli at flest mogleg voksne har eigarskap til laget i barnefotballen neste åra.
Personvernerklæring