Stranda vann heile 7-3 på Stranda Stadion lørdag! Gursken/Larsnes fekk godt betalt med sine tre mål. Ved pause leia heimelaget 3-2. Også vedsidan av måla hadde Stranda enorme skoringsmuligheiter. Topplaget Brattvåg tapte 4-1 mot Åram/Vankam på Eidså!
Hadde Stranda klart å fått til gjennomsnittspelet i denne kampen hadde resultatet vorte betydeleg større i favør Stranda.
Etter 60 minutt var bortelaget oppe på 3-3, i denne perioden vart heimelaget stressa. Men då Ronnie Furset satte inn 4-3 så starta angrep showet.
Banespelet til Stranda var ikkje av det nivået vi ønsker å vere på. Men måla vi skora er av ypperste klasse. Også innsatsen av enkelte stiller vi også spørsmålsteikn til i den enorme sommarvarmen på mona (også vindstille)
Vi har seks juniorar i 1.oppstillinga, så vi må forvente svingningar i prestasjonar. Uansett ser vi framgang og ny utvikling på ulike områder heile tida.
1-0: Ronnie Furset bankar inn etter hard jobbing.
1-1: G/L skorar på sin første sjanse
2-1: Flott frisparkperle av Espen Hove frå 19 meter.
3-1: Ny perle av Espen Hove lobbar ballen over keeper frå 20 meter.
3-2: Stranda gir G/L nok eit mål, heilt unødvendig.
3-3: G/L sin beste spelar Andreas Rekdal spring gjennom og laga er like langt.
4-3: Endeleg er Stranda tilbake i kampen og Ronnie Furset setter in ledelse etter flott spel.
5-3: Tonny Åsen plasserer ballen heilt opp i hjørnet.
6-3: Thomas Roseth punkterer kampen med ei herleg straffe i hjørnet
7-3: Tonny Åsen jobbar inn målet aleine med keeper.
I tillegg har heimelaget mange opplagte sjansar. Steffn Lilleås har tre store som bør vere mål. Det same har Yngve Midthjell som skyt over frå fire meter.
Konklusjon: Mange flotte angrep og mål. Samhandling i banespelet er vi litew tilfreds med. Enkelte jobbar også for lite for laget. Og ein del taktiske valg individuelt må skjerpast.
Laget.
1. Aril Ravnøy: 90
2. Martin Espelund: 85
3. Endre Kjølås: 90
4. Thomas Roseth: 90
5. Jokaim Relling: 90
6. Yngve Midthjell: 80
7. Kim Vangen: 90
8. Kato Vangen: 65
9. Steffen Lilleås: 65
10. Espen Hove: 45
11. Ronnie Furset: 90
12. Sivert A Belsby
13. Tonny Åsen: 45
14. Anders Tronstad: 05
15. Gunnar Espelund: 10
16. Fredrik Fausa
17. Tom Arne Kammen: 10
18. Håkon Mikal Dalen: 40
Neste seriekamp: Fredag 12.mai kl. 1900 Åram-Stranda