A-laget går for opprykk. Strandafotball.no avslører i dag målsetjinga til A-laget for sesongen 2006: Opprykk!
Hovudtrenar Ronny Ødegård seier til strandafotball.no at A-laget siktar mot opprykk denne sesongen:
- Kva er målsetjinga for sesongen?
- Vår målsetjing er å hamne på ein av dei to opprykksplassane ved sesongslutt
- Er det eit realistisk mål?
- Ja, det meinar eg. Vi veit det blir vanskeleg, 5 andre lag vil gjerne også nå denne plasseringa, så tøft blir det dog.
Dyrkorn usikker, anna stordaling trenar med laget
Ein av dei viktigaste spelarane i sesongen 2005, Nils Petter Dyrkorn, som for øvrig blei kåra til årets spelar for sesongen 2005 under fotballfesten i fjor, er usikker på om han blir med denne sesongen. Trenar Ødegård fortel at han har lyst, men at nokre ting må gå i orden.
Samstundes trenar ein anna stordaling, Robin Aasen, for laget.
- Han skal trene med laget ei stund framover, så får vi sjå korleis det endar, seier Ronny Ødegård, og fortel at det er ein spanande spelar med interessante kvalitetar.
PS! Årets første fotballøkt utandørs for a-laget går av stabelen på kunstgrasbana i dag!