Strandafotball
Nattcup
Nattcup’en vert avvikla fyrste helga i januar. Turneringa går føre seg i den vakre bygda Stranda, på Sunnmøre.
Les meir på Nattcupen si heimeside: http://www.nattcup.net/

Som vanleg vert dei fleste av dei 500 sitjeplassane i Strandahallen okkupert. Stemninga er oftast høg, både for amatørar og proffar. Nattcup kostar kr 1000,- pr lag, nedre aldersgrense er 16 år.

Dei siste åra har det vore over 32 påmelde lag, og cupen starter kl 1800 fredag og avsluttast rundt kl 1600 laurdag. Altså 22 timer med samanhengande fotball på parketten. Men det er ikkje berre fotball som er i høgsete denne helga, det er også veldig mykje sosialt rundt denne turneringa som samlar vennegjenger frå heile Møre og Romsdal med innslag frå lag andre plassar i landet. 

Dei som styrer skuta under denne turneringa er 5 ildsjeler i fotballen, mange av dei er knytt opp til Stranda A-lag som står som arrangør bak turneringa.