Strandafotball
Anlegg
Velg frå menyen på venstre side.
Stranda Stadion består i dag berre av kunstgrasdekkje, først ute med kunstgras var treningsfeltet på Stranda Stadion. Arbeidet starta opp i 2001 og vart ferdigstilt til 1 mai 2002. Våren 2006 vart stadion igjen fylt opp av anleggstrafikk, og i august 2006 sto hovudbana ferdig med topp moderne kunstgras. Og den offisielle opningskampen, vann Stranda 4-1 over Åram/VanKam.

I 2009 starta opprustinga av resten av stadion. Følgjande har blitt realisert dei siste åra:

- Løpebane med tartandekke.
- Ny lengdegrop
- Innbyttarbur.
- Natursteinmur mot tribune.
- Ny drenering rundt bana.
- Nye gjerder for reklame.
- Tre nye porter (ein hovudport ved klubbhus)
- Sykkelstativ.
- Ny kiosk og lager ved gamle kgb. (kjøkken, kiosk, toalett, bodar, lager)
- Rehabilitering av 2 garderobar.