176681-3933x2586.jpg
Treningskamp!
Tapte for Fjørtoft!

Stranda sitt herrelag spelte sin første treningskamp for året.

Nyvinningen Obos cup. Fjørtoft var motstandar på Color Line Stadion.

Til denne første treningskampen så venta laget frå lille Fjørtoft - men med mange tidlegare spelarar frå høgare divisjoner. Dei fleste spelarane bor i og rundt Ålesud, men mange har opphavet frå øya.
Laget vil kunne hevde seg mot mange lag i både 4.div og 5.div grunna rutina i troppen.

Stranda reiste med ein stor tropp, men også utan mange sentrale spelarar. Alle fekk godt med speletid og fleire debutantar og med comeback.

Stranda hadde 1-1 rett før pause, før Fjørtoft satte tre kjappe inn mot pausa. Andre omgang enda uavgjort med slutt resultatet 5-1

Stranda sin nye trenar var ikkje misfornøgd med denne kampen. Vi møter eit godt lag med stor rutine. Vi får gjort unna årets første kamp og fleire fekk prøve seg i kampen.

Vi har lagt bak oss ein del treningar med godt oppmøte sidan Anrnfinn Lødemel starta i jobben i slutten av januar.

Troppen:
Even Korsedal (keepar i denne kampen)
Øyvind Fjørstad
Mathias Rusten
Sim Eimantas
Aagash (debutant)
Erland Mathisen (debutant)
Eskil Løken (debutant)
Jakob Rjånes (debutant)
Odd Rune Opsvik
Jesper Røyr
Stian Frøysa
Robin Aal Norangshol
Anders Lie Kirkhorn
Sander Ringdal Birkhol (debutant)
Andreas Espelund (comeback)
Gunnar Espelund (comeback)

Mål:
Stian Frøysa og Jesper Røyr

Personvernerklæring