_DSC0565-6.jpg
Tilbake med eige lag igjen.

Stranda har eige lag igjen!

To år med samarbeidslag med Stordal og nokre år før den tid med Sunnylven.

I 2022 har Stranda eige damelag.

Det som er gledeleg er at laget består av spelarar i mange aldersgrupper.

Espen Hove har tatt hovudansvaret med Emil Sylte som assistent - Emil har også ansvaret for klubbens J15 lag.

Frode Verpeide vil hjelpe til med heimekampane og litt rundt damelaget.

Laget trenar ein gong fast i veka.

Laget skal møte desse laga i trippel serie i 2022: Hareid, Bergsøy, Hornindal, Åheim/Selje


1.Serierunde: Hareid - Stranda  7-4 (4-3)

Mål: Olene Lade 2, Ingvild Fauske Dalen og Sofie Kjellstad

Kampen:

Dette var første kampen på stor bane på mange år for mange.

Kampen er stort sett jamn til tross for tremålstap. Hareid spelte ein fysisk tøff fotball og kom best ut av det!

Mykje å bygge vidare på seier Emil Sylte som var med laget i denne første seriekampen.

Første heimekamp: Torsdag 28.april kl.1900. Stranda - Bergsøy

Laget:

1. Hennie Svorkås

2. Silje Stadheim

3. Oline Farstad Vinje

4. Ingrid Myking

5. Olene Lade

6. Dolla Alexandra Rødset

7. Amalie Ringdal Birkhol

8. Ellen Fauske Dalen

9. Amalie Sporstøl Ravelo

10. Ruda Ibrahim

11. Pia Horremsbakk Bergersen

13. Sofie Kjellstad

Personvernerklæring