Fotball_2.jpg
Tapte «uavgjortkampen»
Stranda - FK Sykkylven (0-0) 0-1
Stranda burde minst ha uavgjort i denne kampen!

Bra med folk på kampen - men grunna været mista ein mange frammøtte denne gongen!

2.Serierunde:
Stranda - FK Sykkylven 0-1
Aksla - Herd2 4-1
Skodje -Volda2 (avlyst)
Godøy - Vigra 3-2
Hasundgot - Langevåg 2-2
Ellingsøy - Hovdebygda 0-1

Kampen:
Stranda var det klart beste laget i første omgang. Var friskare, vann dueller og skapte flest sjansar.
Bortelaget kom meir med frå starten av andre omgang og var på høgde i denne omgangen. Skapte nokre halvsjanser i overtall.
Totalt sett så er dette ein svært jamn kamp måler ein alle fasar av kampen.
Sigersmålet til FKS kom etter ein uheldig situasjon av heimekeeparen! Så fekk nok Tobias Hjelle sin største sjanse utan å skore så langt i si karriere. Tobias er normalt den mest sikre innanfor sekstenmeteren, men denne gongen vil han nok fortsatt tenke korleis den ballen kunne gå over mål frå to meter!
Vi synest heile laget fortjener ros for både ferdigheiter og innsats i denne kampen. Martin Espelund var banens beste i første omgang. Øyvind Fjørstad sett kampen under eit.

Laget:
1. Raimondas Cegingas
2. Odd Rune Opsvik
3. Øyvind Fjørstad
4. Fritjof Pedersen
5. Anders Kirkhorn
6. Martin Espelund
7. Georg Lind
8. Sian Frøysa
9. Mathias Rusten
10. Sander Birkhol
11. Tobias L Hjelle

12. Jakob Rjånes
13. Andreas Espelund
14. Domas Vorbjomas - benytta
15. Robin Aal Norangshol - benytta
16. Uvakaran Segaran - benytta
17. Aagash Nithiyaselvan - benytta
18. Eimantas Simanaukas

Mål:
Bengt Hole Alnes - 55 min.

Dommer: Jan Erik Bratteberg - Ørsta IL. Veldig god.

Neste kamp: Torsdag 9.mai 1830. Vigra - Stranda

Personvernerklæring