Stranda Mållag hadde årsmøte i mars og i den samanhengen så vart «Årets Målpris» delt ut.
Juryen hadde lagt merke til Stranda IL Fotball gjennom fleire år og i fleire samanhengar i denne perioden for bruken av nynorsk!
Juryen merka seg spesielt:
Bruken av nynorsk i sosiale media og spesielt på Stranda Fotball si heimeside.
Bruken av nynorsk i fleire offentlege forum.
Bruken av nynorsk i dokumentbasar mm.
Susanne Hole Langelo frå fotballstyret mottok prisen av styreleiar i mållaget; Anders Folkestad.
Stranda IL Takkar så mykje for merksemda og prisen - klubben er stolt!