Spekeskinkedrakt_Stranda_10.09.19-1.jpg
Leidulf Årvik, Stranda Fotball, Øyvind Fjørstad, kaptein og Geir Johansen, Grilstad
Skinkedrakter mot Herd2!
Torsdag 12.september kl.1900 på Stranda Stadion

Det har ikkje mangla på ville idéar eller ambisjonar sidan Stranda kappa med Tynset om å vere Noregs skinkehovudstad. Sidan den gong har Stranda etablert sitt eige skinkerådhus samt halde store skinkefestar for bygda sine innbyggjarar - og på torsdag inviterer bygda sitt fotballag til kamp. For høvet er dei ikledd skinkedrakter.

Det blir servert skinke under kampen, og det blir måltips-konkurranse - der vinnaren får ein heil kasse med assortert skinke.

- Vi snakka med Stranda Spekemat og PR-byrået deira under skinkefestivalen i fjor, og blant alle dei ville idéane for å setje Stranda på kartet som skinkehovudstad så hadde vi sans for dette og ønska å bidra, seier mangeårig primus motor i Stranda fotball, Leidulf Årvik.

- Dette er jo mest for gøy, men draktene er stilige at uansett korleis det går på torsdag, så blir det freistande å bruke dei igjen, humrar Årvik. Han fortel at det visstnok har vore eit spansk lag som ein gong i tida spelte i skinkedrakter, også dei for å hylle si lokale skinke.
- Det hadde vore artig å få spele mot dei. Tenk om dette stuntet tar Stranda ut i Europa, seier Årvik lattermildt.

Fabrikksjef og "skinkesjef" Geir Johansen synest det er eit artig påfunn, men mest av alt er han stolt over korleis innbyggjarane i bygda heilhjarta støttar opp under arrangementa og alle dei små og rare påfunna undervegs for å skape merksemd rundt skinkehovudstaden.

No er det berre å sjå om engasjementet og skinkedraktene smittar over på laget sin innsats mot Herd 2, utan at det blir grisespel ut av det. Stranda sin kaptein, Øyvind Fjørstad, gler seg til å vise fram dei nye draktene.

Både medspelarane mine og eg er glade i skinke, så desse draktene er midt i blinken for oss. Men eg håpar ikkje at me blir alt for svoltne av å sjå på kvarandre mens me spelar. Heldigvis kan me ete skinke før kampen, i pausen og etter kampen. Og Raimondas i målet kan jo ete skinke medan vi er i angrep spøker Fjørstad.

Kampen blir spelt på Stranda stadion torsdag 12. september klokka 19.00 mot Herd 2. Stranda og Herd 2 ligg på høvesvis niande og åttande plass i 5. divisjon, berre skilde på målforskjell.

Møt opp til denne kampen!

 

Spekeskinkedrakt_Stranda_10.09.19-4.jpg
Øyvind Fjørstad kaptein

Personvernerklæring