Strandafotball
7_er_senior.jpg
Naboduell i senior 7-er
Stranda 2 - NEG 4-3 (2-2)

7-er avdelinga:
Senior 7-er serien er ein artig og spennande serie med mange lokale lag.

På Indre stiller både Stranda 2 (B-lag), NEG Fotball, Valldal, Sunnylven. I tillegg Emblem 7-er, Norborg 7-er, HaNo 7-er og Herd 3 er i denne avdelinga.

Tidlegare kameratar:
Kampen på Stranda Stadion samla fleire tidlegare lagkameratar som har spela på Stranda tidlegare.

Både Hans Martin Homlong, Iver R Krohn, Torgeir Rusten og Ole Magnus Melchior har kampar i Stranda si drakt.
Veldig bra at dei mindre bygdene klarer å stille eigne 7-er lag.

Kampens eldste spelar var Inge Iversen på sine 58 år, imponerande. Han stod også på bana nesten heile kampen!

Ellers så ser ein på lagbildet at begge lag har høg snittalder.

Kampen:
Kampen vart tett og jamn og faktisk med eit imponerande tempo.

Dei få gongane det var litt temperatur så hadde dommer Sindre Hjelle stålkontroll på kampen.

Til pause var det uavgjort. Kåre A Bjørnes ga heimelaget leiinga etter pause. Så vart det utlikna til 3-3 langt ut i kampen. Rett før fløytesignalet så sette Furset inn sigersmålet etter at ballen kom frå tverrligger!