Lokaloppgjør også i 2020!
Hovdebygda - Stranda 3-1 (2-0)

Stranda avslutta sesongen med tap i ein jamn kamp! Men kampen betydde mykje for heimelaget skulle det vise seg - for om FK Sykkylven skulle tape på heimebane mot bunnlaget Skodje så ville Hovdebygda ta opprykksplassen!

Få hadde trua på dette scenarioet før kampen, men dette skjedde då FKS tapte 4-3! Dermed kan vi GRATULERE Langevåg IL og Hovdebygda IL med opprykk til 4.divisjon!

Nedrykk til 6.divisjon vert det på Ellingsøy IL og Skodje IL. Herd2 og kanskje også Volda2 er i fare fir nedrykk.

Med siger mot Hovdebygda ville Stranda passere både Godøy og Aksla på tabellen, men slik vart det ikkje dessverre.

Stranda var beste laget i første omgang, men låg under med to mål. I andre omgang så var det også jamnt, kampen enda med tomålsiger til heimelaget og full jubel for opprykk.

Georg Lind skora eit glimrande mål for øvrig.

22.Serierunde:

Hovdebygda - Stranda  3-1

FK Sykkylven - Skodje  3-4

Volda2 - Herd2  6-3

Langevåg - Godøy  7-0

Vigra - Aksla  7-1

Hasundgot - Ellingsøy  2-1

 Laget:

  1. Raimondas Cegingas
  2. Odd Rune Opsvik
  3. Øyvind Fjørstad
  4. Eimantas Simanauskas
  5. Fritjof L Pedersen
  6. Aagash N
  7. Georg Lind
  8. Joakim Fivelstad
  9. Anders Lie Kirkhorn
  10. Uvakaran Segaran
  11. Mathias Rusten
  1. Eskil Løken - benytta
  2. Arturas Sagalovas - benytta
  3. Even Korsedal - benytta 

Mål:

1-0: Jonas V Tafjord - 29 min.

2-0: Steffen Myklebust - 35 min.

3-0: Martin Hole - 62 min.

3-1: Georg Lind - 84 min.

Dommer: Jan Helge Lund- Godøy IL.

Neste kamp: April 2020.


Personvernerklæring