Junior_1.jpg

Juniorlaget er tilbake!
Gledeleg at det er mange som vil delta!
Stranda har igjen juniorlag (G19) frå hausten - svært gledeleg.

Utifrå ei totalvurdering tidleg i 2019, så vart det konkludert med at det ikkje lot seg gjere å stille både seniorlag, sjuarlag og eit juniorlag.
Ein undersøkelse vart også foretatt for å finne ut kor mange som ville spele fotball i dei aktuelle årsklassene.
Det som påvirka beslutninga var kor mange som faktisk ville spele fotball i kvart årskull. Kor mange som hadde andre aktiviteter, kor mange som prioriterer skule eller jobb og ikkje minst kor mange som reiser vidare på skule andre plassar enn Stranda.
Samtidig så er det fleire og fleire klubbar der seniorlaga består av storparten juniorspelarar på sine seniorlag - også Stranda.

Kalle Hjelle og Robert Norangshol tok iniativet og har jobba denne våren med å kartlegge alle dei spelarane som ikkje har vore aktive siste året eller over lengre tid. Dette gjeld spelarar født i 2000-2001-2002.
Utifrå denne kartleggingsrunden så har dei fått svært positive svar frå svært mange spelarar. Sportsleg utvalg sa ja til å starte opp igjen juniorlag - noko som er svært gledeleg.
Laget vil ha eigne treningar utanom seniorlaget og laget skal spele i 2.divisjon denne hausten.

Laget skal vere eit lavterskeltilbud, der det er opent for alle som vil spele fotball, anten trening eller kamp.
Klubbens seniorlag legger føringer for korleis prioriteringar inn mot G19 laget og senior 7-er laget vil kunne benytte spelarar denne hausten.
Måler er uansett at flest mogleg spelarar også skal få eit kamptilbud og mest mogleg speletid utifrå eigne ønsker.

Juniorlaget møter desse laga i haustsesongen:
Volda, Valder, Hødd, MSIL 9-er, Spjelkavik2, SIF/Hessa, Herd2 og Hasundgot.
Første kamp for det «nye» juniorlaget er mot Valder 19.08 kl.1900 på Stranda Stadion.

Apparatet for juniorlaget består av Kalle Hjelle, Robert Norangshol og Harry Hovde.

Lykke til med hausten!



Junior_2.jpg

Personvernerklæring