Loedemel3.jpeg

Trenar for herrelaget!
Arnfinn Lødemel frå Sykkylven

Stranda sitt herrelag får trenar utanfor tettstaden i 2019. Nye impulser og nye ansikt var målsetjinga med å finne ein hovudtrenar utanfor bygda.

Arnfinn Lødemel (36) har vore på Stranda tidlegare, han trena damelaget i 2010. Etter dette så har Lødemel trena FK Sykkylven G16 og fleire lag i SK Herd. Han fekk oppleve NM finale med Herd J16 for to år sidan også.

5.divisjon 2019 vert spennande og tøff:
Stranda - FK Sykkylven - Skodje - Ellingsøy - Hovdebygda - Aksla - Godøy - Langevåg - Hasundgot - Vigra - Herd 2 - Volda 2

Lokaloppgjør mot FK Sykkylven torsdag 2.mai på Stranda Stadion - klubben planlegger eit større arrangement til denne kampen. Det vert også 16.mai kamp på Stranda Stadion denne sesongen.

Utanom A-lag herrer vert det G19 lag eller 1-2 senior 7-er lag. Slik at det skal verte uansett eit godt kamptilbud for alle i 2019. Korleis kamparena utanom 5.divisjon vert, er ikkje avklart enna.

Treningskampar:
Alle kampane er planlag og Stranda møter: Norborg, Skodje, MSIL, Ellingsøy og FK Sykkylven.

Stranda skal delta i nyvinninga Obos cup. Dt vil seie at det vert først puljespel i vinter og cupkampar vidare.

Spelarstallen:
Spelarstallen jobber teamet med framover. Ein kombinasjon av mange unge som tidlegare. Håper at dei skal vere nokre etablerte/voksne i stalle.

I tillegg så vert alle utan Norsk stastborgarskap med vidare. Nokre nye er aktuelle, men dette er uavklart enna.

Ressursar:
Apparatet rundt laget er ikkje klarlagt heilt. Lødemel vert hovudtrenar. Martin Espelund er hovudlagledar. Espelund har med seg Ole Magnar Kjølås, Oddvar Kjølås og Jan Magne Leirmo i ressursgruppa runt laget.

Det er fleire på gong for å få til eit stort mannskap rundt laget.


Personvernerklæring