Fotball_2.jpg
God vårsesong for G16!
Spelar semifinale i Obos-cup
G16 har spelt 6 seriekampar og vunne alle (ein igjen) - målskilnad er på 30-2.

Laget vil verte av dei to beste laga i divisjonen og er kvalifisert for 2.divisjon til hausten. Dette betyr bedre motstandarar og større utfordringer.

Laget deltek også i den nyoppstarta Oboscup. Laget har tatt seg vidare frå gruppespelet og i mellomspelet vann Stranda 2-1 mot Ellingsøy som spelar i 1.divisjon.

Dette var ein veldig god prestasjon og stor jubel. Det vert semifinale til hausten (motstandar ikkje kjent enna)

I sommar skal laget til Oslo og delta på årets Norway Cup, denne gongen med 7-er lag.

Fleire av gutane på laget skal no inn i Vidaregåande skule og vert derfor spreidd rundt om i distriktet.
Stallen er ikkje stor, så vi håpar at alle gutane bidrar ut sesongen til tross for skule andre plassar.

Ein får gjere opp status etter hausten og det vert uansett mange spennande utfordringar både i serie og cup.

Nevnast må det gode samarbeidet med G14 laget, der fleire hospitantar har bidratt godt både på trening og i kamp. Også eit par 02 gutar har gjort ein god innsats for laget.

Teamet på G16

V/Sindre Hjelle


Personvernerklæring