100.JPG
G16 er godt i gang
Siger i Obos cup
Stranda - Ørsta 2-1 (1-1)
1.runde i kretsen si nye turnering - Obos-cup, vart spelt på Stranda stadion søndag 3.mars mot Ørsta.

Vi fekk merke at det er store avstandar å dekke på ei 11'ar bane. Dette som forventa med tanke på det var vår første kamp for året.

Vi har heller ikkje hatt optimalt oppmøte på treningane våre, mest grunna sjukdom og skadar. Løpskapasitet er viktig!

Motstandaren hadde nok mest ballen, men likevel klarte vi å skape nokre gode overgangar, som også resulterte i dei to måla våre.
Målskorarar var Sebastian Stornes og Jonas Hjelle.
Alle som var med i kampen viste god innsats og vilje til å stå på. Ein ekstra takk til dei to hospitantane som debuterte på laget vårt; lovande debut !

Dei komande kampane i Obos-cupen vert heime mot Hasundgot 26.mars, borte mot Emblem 4.april og Hødd 9.april.

Ellers deltek laget i kretsen sin Futsal-serie.
Første runde er gjennomført, den andre vart arrangert laurdag 9.mars i Strandahallen.
Siste runde er sett opp den 17.mars.

Dette er god øving på individuelle og relasjonelle ferdigheiter, og i tillegg så er det kamp.

Sindre Hjelle - trenar G16


Personvernerklæring