jul_9.jpg

Fotballåret 2017!
Stranda IL Fotball dette året!
Her kan du lese litt om året som har vore frå A - Å.

Dette er sjølvsagt berre litt av kva som berører seg i fotballgruppa iløpet av eit år.

34 lag, 300 aktive og 80 trenarar/lagledarar + alle frivillige i organisasjonen.

GOD JUL til alle i fotballfamilia!

A

Ansvar er ein del av Stranda sitt verdigrunnlag.

B

Ballhentarar frå yngres avdeling er ein del av kamp arrangementet på seniorkampar.

C

Cup er viktig i barne -og ungdomsfotballen.

D

Damelag ønsker klubben å ha som øverste flaggskip år etter år.

E

Extra treninger for ivrige har klubben på planane.

F

Futsal kan Stranda sitt G16 lag. Finaleplass to år på rad let seg høyre!

G

Gratulerer og takk til alle som har deltatt som ressurser i fotballgruppa i 2017!

H

Heimekampen er Stranda sitt kamparrangement. No er det nytt speakeranlegg også.

I

Ingen er mindre verdt i Stranda Fotball - Likeverd er ein del av organisasjonen.

J

Jevnbyrdigheit er viktig for utvikling og meistring.

K

Kvalitetsklubb: Stranda vert nevnt som ein godt organisert klubb.

L

Lojalitet er ein del av Stranda sitt verdigrunnlag.

M

Mesternes mester vart ein  ny suksess av arrangement fotballgruppa arrangerer.

N

Nostalgi er litt av historia til Stranda! Vålerenga på Stranda Stadion i 1983 med 7000!

O

Overnatting er ein viktig del av turneringer som Norway Cup, det skaper samhold!

P

Pappatrenarar er det mange av i Stranda, ein viktig ressurs.

Q

Quis er ein del av fotballmiljøet, spesielt Strandaquis!

R

Respekt er ein del av Stranda sitt verdigrunnlag.

S

STRANDA IL har over 1000 medlemer.

T

Turneringer er alle Stranda sine lag med på, ein sosial arena!

U

Uavgjort er jevnbyrdigheit på sitt beste.

V

Verdigrunnlaget og Visjonen er Stranda sitt styringsverktøy.

W

Walk-Over er eit framandord i Stranda, her MÅ vi jobbe for alt vi vil få til!

X

X er den ukjente, det skal ikkje kameratskapet i fotballgruppa vere.

Y

Yngres avdeling er framtida til fotballgruppa. Her skal det vere trivsel og moro.

Z

Zzzzzzz, Stranda Fotball sover aldri, aktivitet året rundt.

Æ

Ærlegheit og samarbeid er viktige Fair-Play regler for våre aktive på og utanfor bana.

Ø

Ørsta og Valder tok opprykket til 4.divisjon! Stranda holdt plassen i 5.divisjon!

Å

Året som kjem er alltid det viktigaste, vi ser framover!

Personvernerklæring