bilde3.jpg
Damelaget køyrer på!
Positiv første treningskamp
Stranda/Sunnylven - Stordal 3-3

Samarbeidslaget Stranda/Sunnylven spelte årets første treningskamp mot Stordal.

3 x 30 minutt. Seva Farstad skora eit mål i periode 1 og 3. Olene Lade skora i periode 2.

God gjennomføring i årets første treningskamp. Laget har gjennomført heile 25 treningsøkter til no i år.
Fokus har vore å henge saman offansivt og defansivt. I tillegg har vi jobba med uthald og intensitet i spelet.

Vi var godt fornøgd med 2/3 av kampen, men slapp til Stordal i den svake 2.perioden der dei skora måla sine.

Mange viste seg fram positivt i denne kampen og har tatt stor steg.

Marte Slettebak er Strandaspelar igjen og hld eit nivå som alle i stallen kan strekke seg etter.

Totalt sett er dette ein kamp vi burde vunne, men vi fekk utfordringer med Stordal sine lange oppspel i den dårlege perioden.

God økt!

Thomas Roset - hovudtrenar

Troppen:
Lillian Aasheim
Oda Lind
Ingrid Slettebak Urke
Guro Føydal Ringdal
Marie Vangen
Seva Farstad
Catja Braseth
Olene Lade
Kirsti Frøysadal
Amalie Sylte
Synne Langlo
Madelen F Hauge
Tuva Espe Solheim

Personvernerklæring