Stranda IL Fotball er den største undergruppa i Stranda IL.Gruppa har omlag 270 aktive gutar og jenter i alderen 6 -35 år, og aktiviserer kvart år omlag 65 % av alle born og ungdomar (6-19 år) på Stranda.Stranda IL Fotball har til ei kvar tid 100 frivillige trenarar, lagleiarar og tillitsvalgte.
Ein opplever aukande krav til drifta av gruppa både internt og eksternt.
For å oppretthalde og styrke sitt tilbod vurderer Stranda IL Fotball å tilsette
DAGLEG LEIAR / SPORTSANSVARLEG(100 % STILLING).
Stillinga er tenkt med ei arbeidsdeling på 50 % som dagleg leiar og 50 % som sportsansvarleg.
Stranda IL Fotball ser behovet for å avlaste og strukturere den administrative drifta av gruppa, samt styrke tilrettelegginga av det sportslege tilbodet.
Arbeidsoppgåver dagleg leiar (50 % ):
-Organisering og oppfølging av gruppa sine driftsoppgåver.
-Økonomistyring med resultatansvar.
-Inntektsbringande tiltak.
-Klubbutvikling / kvalitetsklubb.
-Kontakt med kommune, øvrige aktivitetar, skular, andre klubbar, krets og NFF.
Arbeidsoppgåver sportsansvarleg (50 %):
-Drifting av det sportslege arbeidet i gruppa.
-Rekruttering og oppfølging av trenarar til laga.
-Ansvarleg for gruppa sin strategi / planverk knytta til det sportslege arbeidet.
-Ansvarleg for gruppa sitt utviklingsarbeid.
-Ansvarleg for differensiert aktivitet for spelarar.
-Intern kursing / kompetanseheving.
Ønska kvalifikasjoner:
-Adminstrativ og sportsleg fotballerfaring.
-Formell fotballfagleg leiar- og trenarutdanning.
-Gode kommunikasjonsevner, kreativ og god gjennomføringsevne.
-Relasjonsbygger, strukturert og sjølvstendig.
Stillinga er på heiltid, og det må påreknast arbeid også på kveld / helg.
Dagleg leiar / sportsansvarleg rapporterer til styret i Stranda IL Fotball.
Løn, øvrige vilkår og evt. tiltreding etter avtale.
Søknad og CV skal sendast til leiar i Stranda IL Fotball, Kjetil Svendsen, på
e-post:kjetilsvendsen77@gmail.com
Søknadsfrist:11.12.2020.