Avslutning for A-lag herrer!
Årsavslutning på Ocean restaurant

Herrelaget hadde årsavslutning for sesongen på Ocean restaurant fredag kveld.

Rundt 30 personar med aktive og leiarar var tilstades. 

Maten var pizzabuffet.

Styreleiar i fotballgruppa Tommy Sandø var tilstades og sa nokre fine ord og ga blomster til alle leiarar rundt laget.

Så hadde hovudtrenar Kalle Hjelle ein lengre tale rundt årets sesong og påfølgande prisutdelingar.

Årets spelar: Øyvind Fjørstad (strutekanna frå Olav Slettebak)

Spelarane sin årets spelar: Jonas Flo

Toppskorar: Tobias Lillebø Hjelle og Jonas Flo

Treningsprisen: Per Johan Tronsen og Jonas Hjelle

Grip sjansen prisen: Jonas Hjelle

Antall spelte kampar:

150: Øyvind Fjørstad

50: Mathias Rusten

Stranda Fotball gratulerer Stranda herrelag med 6.plass i 5.divisjon og ein sesong med godt treningsframmøte.
Personvernerklæring