karlsen.jpg

Årsmøte i Stranda IL
Leif Karlsen heidra på årsmøtet!
Stranda IL hadde sitt årsmøte 15.mars.

Rundt 20 personer var tilstades.

Rune Solbakken går av etter eit år som leiar i Stranda IL.

Det hadde ikkje lykkast valgnemna å erstatte Solbakken. Nestleiar Steinar Belsby vil fungere som leiar framover.

Arbeidsutvalget ser slik ut for 2018:
Steinar Belsby, fungerande leiar
Arve Sve, medlem
Tove Hagebakk, medlem
Renate Furre Henriksen, medlem

I tillegg kjem alle utvalgsleiarane i særgruppene som dannar hovudstyret (Fotball, Handball, Ski, Alpint, Trim)

Ragnhild Opheim Gjerde og Unni Ytredal takka av etter fleire år i styret.

Leif Karlsen fekk utdelt den høgthengande Æresmedlemsprisen i Stranda IL.

Karlsen var leiar i Stranda IL i seks år (2011-2016) I tillegg til mange andre verv i sitt lange idrettsliv.

Ståande applaus for Karlsen på årsmøtet.

Personvernerklæring