AArets_jenteklubb_-diplom.jpg
Årets jenteklubb

Stranda IL Fotball er kåra til Årets Jenteklubb for 2020.

Sunnmøre Fotballkrets sitt styre har tildelt denne prisen utifrå ulike kriterier.

Tre kandidatar tevla om årets pris; Stranda IL, Aksla IL og IL Valder.

Tonje Beate Årvik som er Kvalitetsklubbleiar i Stranda Fotball mottok prisen frå styremedlem i Sunnmøre FK , Monica Amdam.

Tildelinga vart utført i forbindelse med kamparrangementet til J15 kampen på Stranda Stadion onsdag kveld.

HaNo/Harøy sitt J15 var gjester denne kvelden. 

Denne prisen er eit tydeleg bevis på systematisk arbeid for jentefotballen i klubben.

Vidare gir dette motivasjon og inspirasjon for arbeidet i klubben.

Stranda Fotball takkar for prisen og er STOLTE!

Innmarsj_J15.jpg
Tildeling_aarets_jenteklubb.jpg
Utdeling_paa_bana.jpg
Personvernerklæring