Strandafotball
Stranda-Stadion.jpg
5.divisjon 2018!
Stranda møter desse laga
Slik vil 5.divisjon 2018 sjå ut:
Storlaget Langevåg rykka ned til 5.divisjon! Det gjorde også Norborg, som har vore i 4.divisjon og 3.divisjon sidan 2007.
Nyopprykka Sæbø har vore opp og ned frå 5.div og 6.div i mange tiår! Fjørtoft har rykka opp på sitt første år tilbake i seriesystemet sidan 1998.
Guard var mange år utan seniorlag, men på slutten av 80-talet var klubben i 3.divisjon. Åmdal har stort sett vore eit 5.divisjonslag.

På dette tidspunkt er det vanskeleg å vite kva klubbar som vert topplag i denne divisjonen. Men Langevåg og Blindheim bør vere kandidatar til opprykk ? Volda 2 og Herd 2 vil også kunne vere gode lag neste sesong ?
Norborg trur vi har komt over storheitstida som har vore siste ti åra ? Bunnlaga vil vi heller ikkje vurdere på dette tidspunkt. Stranda får vi vurdere seinare!

1. Stranda
2. Blindheim
3. Herd 2
4. Hovdebygda
5. Skodje
6. Ellingsøy
7. Volda 2
8. Langevåg (rykka ned frå 4.div.)
9. Norborg (rykka ned frå 4.div.)
10. Sæbø (ny frå 6.div.)
11. Fjørtoft (ny frå 6.div.)
12. Guard eller Åmdal (ny frå 6.div.)