Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Laget heiter Sunnylven/Stranda

3.divisjon kvinner: Sunnmøre Fotballkrets har godkjent søknad om samarbeidslag for eit felles lag i 3.divisjon kvinner. Laget skal ha navnet Sunnylven/Stranda. Dette vert ein spennande sesong.

Då har Sunnmøre Fotballkrets godkjent samarbeid mellom Sunnylven IL og Stranda IL for felles lag i 3.divisjon kvinner for sesongen 2012.

Du kan lese pressemeldinga som vart sendt ut tirsdag 26.januar under –>

 

Pressemelding Stranda IL Fotball og Sunnylven IL Fotball.

Sunnylven IL Fotball og Stranda IL Fotball skal i sesongen 2012 ha samarbeidslag for A-lag senior, damer. Laget er påmeldt i 3.divisjon, Sunnmøre.

Dette er veldig positivt for damefotballen på indre Sunnmøre. At 2 mellomstore treningsgruppe kan samarbeide gjennom trening og kamp blir ein vinn vinn situasjon for begge partar, seier leiar i Stranda IL Fotball, Leidulf Årvik.

Samarbeidslaget skal administrerast av Sunnylven, og laget skal ha Hans Hole som hovedtrenar.

Eit spennande samarbeid, sjølv om eg  vil sakne naboduellane. Men dette gledar eg meg verkeleg til, seier hovedtrenar Hans Hole.

Eit av hovedmåla med samarbeidet er å få damefotballen so interessant at vi snarast kan oppleve 11 mot 11, Sunnylven mot Stranda, seier Steinar Hjelle, leiar i Sunnylven Fotball.

Navnet på laget vert: Sunnylven/Stranda.

Skrive av Stranda Fotball, 25.01.2012 19:30
10 siste: