Strandahallen: Vi vart svært svært positivt overaska når vi kom i Strandahallen onsdag, garderober og ganger er så flotte at det er eit syn :) Funksjonelt og funky. Vi rota oss vekk i alle garderobene og gangane før vi fekk oversyn!
Rehabilitering av Strandahallen og ungdomskulen. Det har vore eit anleggsområde i mange månader i garderobe anlegget i Strandahallen. 4 nye garderober som er så flotte at det er ei fryd. Funksjonelt og funky. Nytt inngangsparti midt på hallen, dette inngangspartiet syr også saman hallen og ungdomskulen. Også i gangar og lager oppe i hallen er det gjort mykje.
No står sjølvaste ungdomskulen for tur, det vert ei spennande tid framover.
Takk til Stranda Kommune og dei som har planlagt dette prosjektet. Dette var berre kanonbra, det er rette ordet :)
PS. HÃ¥per alle vil halde god orden og vedlikehald, det er eit krav!!
Garderobene har blitt veldig bra, viktig at alle brukar dei på ein fin måte. Viktig å ta av seg ute skoene når ein kjem inn i garderobene og sette dei i skostativet. Der er 4 nye garderober.