AktivitetsnivĂ„: Denne helga er det SunnmĂžres stĂžrste fotballskule pĂ„ Stranda, nemleg G-sport-Tine-Kiwi fotballskule som vert arrangert med 250 deltakarar. Hareid vann mot Norborg i 3.divisjonsrunden. Og det er klart for pĂ„melding av Mesterens Mester. SjĂ„ link til hĂžgre –>
G-sport-Tine-Kiwi Fotballskule:
Oppstart: Fredag starta den femtande fotballksulen pÄ Stranda. Den stÞrste fotballskulen og den best organiserte. 250 deltakarar mÞtte opp pÄ Storfjord Kulturhus kl. 1700. Flott vÊr og svÊrt lummert, tenk om det vert slik ogsÄ utover lÞrdag :) God start pÄ skulen med sÞte rosa t-skjorter var ein del av utstyrpakken i Är. Kato Vangen kom rett frÄ kamp torsdag og hatrick og var klar for hovudtrener jobben pÄ gruppa Molde sine 10-Äringer.
Program: LĂžrdag er det tre treninger, foto, lunch, radartesting og grilling og sosialt pĂ„ kvelden. OgsĂ„ “live” band spelar frĂ„ scena pĂ„ kvelden. Trommis Kewin Liset er noko Ă„ fĂ„ med seg nĂ„r han behersker tempoet med trommestikkene.
Sportsleg aktivitet: Ni treningsgrupper lÞrdag. Brann, Molde, Rosenborg, Viking, Aafk for dei yngste. Og for dei eldste er det Agentina, Spania, Nederland og Tyskland. Det vert ogsÄ spesialtreninf for keeparar.
Mat og drikke: Det vert kiosk og varmrettar for alle som vil kjĂžpe dette utanom deltakarar. Heile Stranda Stadion har rikeleg med gode seteplassar utover anlegget. Og du kan nyte den fantastiske atmosfĂŠra som er pĂ„ “nye” Stranda Stadion som stadig fĂ„r nye ansikt ferdig.
SÞster Steffen Iversen: Fredag kveld var fotballmann for Stranda, Reidar Lunde innom Stranda Stadion. Han hadde med seg sÞster til Steffen Iversen som har vore pÄ stadion tidlegare. I 1996 var Steffen Iversen hovudgjest pÄ fotballskulen vÄr, to mÄnader fÞr han reiste til England og Tottenham.
Meir informasjon sjĂ„ –> www.fotballskulen.no
Â
3.divisjon 15.serierunde:
Rollon - Stranda 2-5
BergsÞy - Spjelkavik 3-1
Hareid - Norborg 4-0
Herd - GodÞy 6-0
Valder - Volda 3-3
HÞdd 2 - BrattvÄg (mandag)
Hareid er likt med Stranda pÄ 23 poeng. Volda mista verdifulle poeng mot Valder. BÄde Herd og BergsÞy vann sine kampar i toppen.
Â
Mesterens Mester:
No er det endeleg klart for pÄmelding til dette spennande tiltaket som vert arrangert lÞrdag 11.september pÄ Stranda Stadion og Storfjord Kulturhus.
PĂ„melding: GĂ„ inn pĂ„ denne linken for pĂ„melding og informasjon –>
Vi veit at Team Brunstad og heile fire lag frÄ Stabburet meldte seg pÄ fredag. PÄmeldingprosedyra er enkel sÄ det er berre og hive seg rundt :)
Ăvelser: Det er lagt opp til 12 Ăžvelser som er av ein kvar smak. MEN alle Ăžvelsane er av ein slik karakter at ALLE kan gjennomfĂžre desse enkelt. Ăvelsan evrt grundig forklart ved oppmĂžte i tillegg til forklaring pĂ„ infoskriv.
Stranda Quiz: LĂžrdag kveld vert det den tradisjonelle Strandaquiz som er Ăžvelse 12.
Bankett: Det vert felles middag og premiering pÄ kvelden i forbindelse med quizen. Dette vert i Storfjord Kulturhus. Middag er av hÞg kvalitet og ein kan velge mellom Baccalao og Hjortegryte.
Dette mÄ du berre fÄ med deg :) Vennegjeng, kollegaer, idrettslag, eller alt av Þnske samamsetjing av lag er tillat.