Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Ein ressurs vender til Oslo

Ressurs til Oslo: Espen Hove (26) vender nasen mot Oslo i august. Espen har vore ein stor og viktig ressurs for Stranda Fotball sidan han var ganske liten. Vi takkar han for jobben så langt og ønsker han lykke til i hovudstaden. Men vi har ein mistanke og ønske om at han truleg bidreg i Stranda Fotball på ein eller anna måte sjølv om han er 55 mil unna :)

Espen: Har jobba som lærar og har mange ulike interesser, dei fleste i idretten.

Fotballspelaren: Sidan han var kjempeliten har han spelt på alle Stranda sine lag. Han har vore ein målskorar som har vist kor målet står. God på alle typer skot teknikker og spesielt god på dødball ( iallefall i perioder :) )

Har spelt 162 kampar for Stranda. I 2010 har han vore lite med, men bidratt berre litt på enkelte treninger og eit par kampar for Stranda 2.

No ventar Vembli i Oslo, der fleire spelarar frå Sunnmøre spelar.

Organisatoren: Espen har vore ein svært viktig ressurs for Stranda. Han har vore trenar i mange år for fleire lag. I 2010 har han vore trenar for G10 laget ilag med Kalle Hjelle og Harry Hovde.

Nattcuporganisasjonen har han vore innvolvert i mange år også som general. Han har hatt viktige roller inn mot KM-innandørs og fotballskuler. Espen har bidratt der det trengst ofte og dukkar opp på dugnader. Han er eit godt eksempel på at dugnad er sosialt og derfor bør dette vere eit eksempel for andre :) Han har ogs¨å bidratt i Stranda IL si hanballgruppe. Og ikkje minst i Barlia FK sin vennegjengorganisasjon.

Skrive av Stranda Fotball, 07.08.2010 10:58
10 siste: